Montering

Ei rullegardin er montert på ti minutt. Du treng drill, vater, blyant og ei skrutrekkjar.

Det som følgjer med

  • Ferdig sydd gardin med rør og botnlist
  • To (eller tre) brakettar med skruar og plugg
  • Barnesikring til vegg — skal alltid monterast ved kjedebetjening
  • Monteringsrettleiing på norsk

Steg for steg

  1. Merk av brakettane. 5–8 cm inn frå kvar ende av røret. Er gardina breiare enn 200 cm, kjem det ein braket til på midten.
  2. Sjekk med vater. Ei skeiv braket gir ei gardin som rullar skeivt.
  3. Bor og skru. Bruk plugg i gips og mur, treskruar rett i tre.
  4. Klikk gardina på plass. Kontrollenden (kjede eller motor) først, så motsett side.
  5. Fest barnesikringa i vegg eller karm og stram kjeda. Dette er eit krav etter NS-EN 13120.
  6. Test. Rull heilt opp og heilt ned to gonger. Rullar stoffet skeivt, juster brakettane litt.
Motor? Batterimotoren er ferdig programmert frå oss. Du lader han med USB-C første gong, og set endepunkta med knappane på fjernkontrollen. 230 V-motor skal koplast av autorisert elektrikar.

Vil du at vi gjer det?

Kom i gang