Slik måler du
Gardinene blir sydde etter måla du oppgir, så det er verdt to ekstra minutt. Bruk målband i metall — tøymålband strekkjer seg.
1. Bestem monteringsmåte
Gardina heng inne i vindaugsopninga. Mål minste breidd på tre stader (topp, midt, botn). Vi trekkjer frå 1 cm så gardina går fritt.
Best lystetting. Legg til 8–10 cm på kvar side og 10–15 cm over karmen.
For skråtak, karnapp eller når det ikkje er plass på veggen. Oppgi ferdig breidd på gardina.
2. Mål breidda
Mål på tre høgder — topp, midt og botn — og bruk det minste målet dersom gardina skal i karmen. Skal ho på vegg, brukar du karmbreidda pluss 8–10 cm på kvar side.
3. Mål høgda
Mål frå der kassetten skal sitje og ned til der gardina skal slutte. Skal ho ned til vindaugskarmen, legg til 2–3 cm slik at ho dekkjer. Går ho til golvet, trekk frå 1 cm så stoffet ikkje slit mot golvet.
4. Kontroller
- Er det hasper, handtak eller vindaugsopnarar som gardina må gå klar av?
- Er det djup nok karm til kassetten? Rekn 6–8 cm djupn for kassett, 4 cm for open rull.
- Skal fleire gardiner hengje ved sida av kvarandre? Rekn 1 cm mellomrom mellom kvar.
- På skråtak og buer: ta kontakt før du bestiller.
Målskjema til utskrift
Skriv ut og fyll ut medan du går rundt i huset.
| Rom | Montering | Breidd (cm) | Høgd (cm) | Antal | Stoff / kode |
|---|